Er du i tvil om du skal sende barnet ditt i barnehagen?

SJUKE BARN I BARNEHAGEN Du kjem sikkert mange gonger til å stille deg sjølv spørsmålet: Er mitt barn friskt nok til å vere i barnehagen saman med andre born? Hensikta med dette skrivet er å gi informasjon som gjer det lettare for foreldre å svare på spørsmålet.

Det er viktig å gå ut frå barnets behov. Det er ikkje foreldras eller personalets behov som skal avgjere om eit barn skal vere heime eller ikkje. Eit barn som ikkje er i form treng ekstra mykje omsorg frå dei vaksen, barnehagen har ikkje kapasitet til å la ein vaksen ta seg av eit enkelt barn gjennom heile dagen. Barnet ditt kan gjerne oppleve det som masete og travelt å få personalet si merksemd, og evt frustrerande dersom det ikkje får den merksemda det har behov for. Ditt barn kan vere i ei barnegruppe når det er så opplagt at det orkar å delta i dei vanlege aktivitetane inne og ute.

Generelt kan ein sei at det er barnets allmenntilstand, dvs. korleis det søv, et og klarar å være med i leiken som avgjer om det skal vere heime eller ikkje. Mange gonger kan eit born vere aktivt heime, ein orkar likevel ikkje å vere med i leiken i barnehagen. Kvardagen i barnehagen kan opplevast som hektisk og slitsam på eit barn som ikkje er heilt i form. Som mor eller far er du ekspert på ditt barn og kan gjere den rette bedømminga på heimeplan. Personalet som dagleg ser barnet i ei gruppe har til oppgåve å bedømme om barnet klarar å være med i gruppefellesskapet eller ikkje.

Det er viktig at du rådfører det med personalet når du føler deg usikker. Etter ein lengre tids sjukdom kan det vere riktig å la barnet være med i barnegruppa kortare tid dei første dagane. Er du i tvil om barnets diagnose og behandling kan du ta kontakt med fastlege eller helsesyster for å få råd og hjelp til å bedømme barnet.

Dersom barnet ditt har kroniske eller langvarige sjukdomar /skader kan det gjerast særskilde avtaler med styrar i barnehagen.

RETTAR

Er foreldre/føresette i lønna arbeid har dei rett til 10 dagars permisjon med løn under barns sjukdom. Dette gjeld både for mor og far, slik at det til saman utgjer 20 dagar i året. Dersom du er aleine med omsorga for barnet har du rett til 20 dagar. Foreldre med omsorg for fleire enn to barn gis rett til fri frå arbeidet i 15 eller 30 dagar (sistnemde for einslege forsørgjarar). Har barnet ein alvorleg sjukdom kan dette tilbodet utvidast. Kontakt lege eller trygdekontor for nærare opplysningar om dette.

INFEKSJONAR FORÅRSAKA AV BAKTERIAR kan medføre at barnets allmenntilstand blir meir påverka enn ved virusinfeksjonar. Barnet kan ha trong for behandling med antibiotika. I desse tilfella er det best at barnet er heime nokon dagar, dels på grunn av den nedsette allmenntilstanden og dels fordi to dagars antibiotikabehandling vanlegvis gjer barnet smittefritt.

Dei fleste infeksjonar som barnet har, blir forårsaka av virus.

VIRUSINFEKSJONAR smittar som regel mest før og like etter at symptoma har oppstått. Ut frå smittefaren aleine er det altså liten grunn til å halde barnet heime. Det som avgjer om barnet skal være heime elle ikkje er:

Barnets allmenntilstand?Har barnet feber?Søv barnet dårleg?Er appetitten merkbart nedsett?

Virusinfeksjonar kan ikkje behandlast. Derimot kan symptoma lindrast, og barnet treng kvile og ro for å bli frisk igjen.

NOKRE RÅD OM VANLEGE SYMPTOM

Feber:

Feber skyldast vanlegvis ein infeksjon av eit virus eller bakteriar. Barnets temperatur blir målt i endetarmen og som feber reknast morgontemperatur over 37,5 grader og kveldstemperatur over 38 grader.

Nokon barn har litt høgare temperatur enn dette, og det er normalt for dei. Mange merkar ikkje noko på dei. Eit barn med feber bør vere lett kledd, opphalde seg i eit ikkje for varmt rom – og drikke rikeleg.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Born med feber skal vere heime. La barnet få ein feberfri dag heime før det vender tilbake til barnehagen.

Hoste:

Ein del barn får lett hoste i samband med vanleg forkjøling. Dersom barnet ikkje verkar sjukt, kan det gå i barnehagen som vanleg. Hoste kan for mange forverrast ved fysisk aktivitet, og man bør difor halde seg orientert om korleis barnet greier dagen i barnehagen. Ved langvarig hoste bør barnet bedømmast av lege med tanke på eventuell allergisk årsak.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Eit barn med hoste, men utan feber og med god allmenntilstand kan være i barnehagen.

Vondt i halsen:

Når ein har vondt i halsen skyldast det ein infeksjon i svelget. Små barn kan ikkje alltid fortelje at dei har vondt i halsen. Teikn på halsinfeksjon kan vere at barnet ikkje vil drikke, ete eller har feber. Iblant førekjem det brekkningar, magesmerter og nokon siklar. Dersom barnet har vondt i halsen og i tillegg har feber meir enn eit par dagar, kan det være spørsmål om bakteriell infeksjon forårsaka av streptokokkar. Du bør oppsøkje lege med barnet ditt. Streptokokkar kan iblant gi plagsame utbrot blant barn, gi derfor beskjed til personalet dersom ditt barn har ein slik infeksjon.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Etter 24 timer AB-behandling og 24 timar utan feber kan barnet gå tilbake til barnehagen viss det orkar å delta i gruppesamværet saman med dei andre barna og kan delta i uteleiken.

NOKRE RÅD OM VANLEGE SJUKDOMMAR:

Brennkoppar

Dette kallast og impetigo og er ein bakteriell infeksjon med sår rundt nase og munn. Behandlinga består i å vaske bort skorpa med såpe og vatn, eventuelt dekke til med eit plaster. Nokon gongar må ein bruke ein bakteriedrepande salve som smørast på.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Barn med brennkopper kan komme tilbake til barnehagen når hudinfeksjone er under kontroll. Det skal ikke være fare for at smitteførende sårsekret kan påføres andre barn direkte eller indirekte, dvs blemmene skal vere tørre eller godt tildekket.

Forkjøling /snørr:

Snørr er i byrjinga klart og kan gå over til tjukt grønt snørr etter ei tid. Ved kortvarig snørr utan påverka allmenntilstand er det ingen grunn til å halde barnet borte frå barnehagen. Det kan vere nødvendig å få barnet legeundersøkt ved langvarig blankt snørr fordi dette kan være eit symptom på allergi.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Barn med snørr utan feber eller nedsett allmenntilstand treng ikkje å isolerast frå gruppa.

Hovudlus:

Lusa er 2-3 mm. stor og blir spreidd gjennom direkte kontakt. Den skal behandlast med middel som ein må kjøpe på apoteket.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Barnet kan gå i barnehagen dagen etter at behandling er igangsett. Andre barn, familie og tilsette bør undersøkjas for lus, men behandlast berre dersom lus er påvist.

Meslingar – kusma – røde hundar:

Dei fleste barn over 15 månader er vaksinerte mot disse virusinfeksjonane. Derfor er det ikkje vanleg i dag at born får nokon av desse barnesjukdommane. Mange gonger er det vanskeleg å stille diagnosen sjølv, og ein bør difor kontakte lege om ein har mistanke om at barnet skulle ha ein av desse sjukdommane.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Ja, barnet skal vere heime i sjukdomsperioden. Barnet kan begynne i barnehagen så snart allmenntilstanden tillet det.

Molluskar:

1-5 mm store, blanke opphøgningar i huda som etter nokon veker får ein inndraging på midten. Molluskar blir forårsaka av virus og barnet smittar seg sjølv når det klør. Molluskane smittar sjeldan til andre personar og barnet vert oftast bra att utan behandling, men dette kan ta inntil eit år. Dersom dei vert betente kan det være nødvendig å skrape dei bort hos legen.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Nei, barnet kan gå i barnehagen som vanleg.

Omgangssjuke/farang:

Symptoma er diare' og/eller brekningar og oppkast. Barnet kan tape mykje veske og det er derfor viktig å passe på at det drikk mykje. Lege eller helsesøster kan gi råd om diett.

SKAL BARNET VERE HEIME?

I det akutte stadiet skal barnet vere heime. Etter omgangssjuke er barnet smittsam 48 timar etter siste oppkast og bør holdast heime på grunn av smittefaren.

Når barnets allmenntilstand tilseier det kan det vende tilbake til barnehagen. Barnet skal då kunne innta fast føde og vere opplagt. Avføringa treng ikkje vere fast fordi det kan ta opp til fleire veker før avføringa igjen er normal.

Skabb:

Skabbidden grev seg ned i huden og gir etter nokon veker intens kløe og utslett. Diagnosen kan vere vanskeleg og den bør helst vere stilt gjennom påvisning av skabbmidd.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Barnet skal vere heime inntil behandling er gjennomført.

Skarlagensfeber:

Skarlagensfeber er kjem av streptokokkbakteriar. Symptoma består i vondt i halsen, bringebærtunge, finprikkete utslett, samt feber opp mot 40 C. Oppkast og magesmerter.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Barnet skal haldast i ro mest mulig. Skarlagensfeber er ikkje nokon alvorleg sjukdom. Barnetkan gå i barnehagen når feber fri i 24 timar. Ta omsyn til allmenntilstanden

Vannkoppar:

Virusinfeksjon med små veskefylte blemmer. Desse kjem i ulike stader, ferske blemmer opptrer samtidig med inntørka. Barn med utprega kløe risikerer å få ein bakteriell infeksjon der barnet klør seg.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Når barnet har inntørka blemmer kan det vende tilbake til barnehagen.

Augeinfeksjon:

Augeinfeksjonar opptrer i samband med forkjøling. Det går vanlegvis over av seg sjølv på same måten som forkjøling. Ein gjer reint i og omkring auga ved å tørke eller skylje med vatn eller fysiologisk saltvatn. Behandling med antibiotika (augedråpar eller salve) kan vere nødvendig dersom augeinfeksjonen er uttalt, blir langvarig eller er kombinert med andre symptom. Augene kan bli røde og rennande. Dei kan være svært smertefulle, med sterk kløe og lysskyhet. Augeinfeksjonar er svært smittsamt.

SKAL BARNET VERE HEIME?

La lege avgjere om det er nødvendig å halde barnet heime etter påbegynt behandling.

Øyrebetennelse:

Er forårsaka av virus eller bakterie. Gi barna nasespray og/eller paracetamol mot smertene. La det ligge høgt med hodet.

SKAL BARNET VERE HEIME?

Barnet kan kome i barnehagen når det er feberfritt.

DAGLIG HYGIENE:

Barnehagane legg stor vekt på at alle barna lærer å vaske hender etter toalettbesøk og før måltid/matlaging for å unngå smitte i barnehagen.