Trollungane

TROLLUNGANE :-) Her går dei minste barna frå 1-2 år. På Trollungane er det godt å vere. Vi jobbar etter teorien om tryggleikssirkelen, som går ut på å trygge barnet og siktre ei god tilknyting til dei vaksne i barnehagen. Vi har fokus på nærleik, omsorg og tryggleik. Dette tenkjer vi er det viktigaste for eit lite barn.

VELKOMNE TIL OSS I VASSENDEN BARNEHAGE 

 

Barnehagen vil saman med foreldra leggje tilrette for at barnet ditt får ein trygg og god start i barnehagen. Når barnet byrjar i barnehagen vil vi sørge for at barnet får tett oppfyljing, og saman med Dykk som er føresette vil vi tilpasse rutinar og organisere barnehagekvardagen slik at det blir til ditt barns beste.

Saman skal vi organisere tid nok til at barnet blir kjent, etablerar gode relasjonar til oss vaksne i barnehagen og dei andre barna. Saman med dykk som kjenner barnet best vil vi skapa ein god barnehagekvardag for kvar og ein.