Ein god barnehagekvardag for store og små

Om å danne eit godt barnehagetilbod for barn, føresette og tilsette Eit godt barnehagetilbod avheng av personalet sin kompetanse, og genuine interesse for barnet og deira nære. Med dyktige og kompetente tilsette kan Vassenden Barnehage sikre at samfunnsmandatet blir oppfylt i tråd med gjeldande styringsdokument.

Om å danne eit godt barnehagetilbod for barn, føresette og tilsette

Eit godt barnehagetilbod avheng av personalet sin kompetanse, og genuine interesse for barnet og deira nære. Med dyktige og kompetente tilsette kan Vassenden Barnehage sikre at samfunnsmandatet blir oppfylt i tråd med gjeldande styringsdokument.

 

Formål og innhald i Vassenden Barnehage

«Innhaldet i barnehagen skal vere allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa. I barnehagen skal barna få leike og utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Ein skal sjå arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse og kommunikasjon og språk i samanheng og samla bidra til den allsidige utviklinga til barna. I samiske barnehagar skal dette arbeidet byggje på samisk språk, kultur og tradisjonskunnskap. (Rammeplan for barnehager 2017) Vidare i årsplanen skal vi sjå litt på kva vi barnehagen legg i dei ulike omgrepa i sirkelen og korleis vi jobber med desse områda.

”Omsorg, oppdragelse og læring skal fremme menneskelig likeverd, likestilling, åndsfrihet, toleranse, helse og forståelse for en bærekraftig utvikling”( Barnehageloven § 2 Barnehagens innhold)

Ei av hovudoppgåvene til personalet i barnehagen er å skape omsorg for barna. Ved å skape god og nær omsorg skapar vi også ein trygg barnehagekvardag for barna. Vårt personale har omsorg i fokus, dette er ikkje berre sjølvsagt men og ei yrkesetisk plikt. Barna skal føle seg trygge, dei skal verte sett, høyrt og rettleia. Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonar mellom dei vaksne, tilsette, foreldra og barna og om barnas omsorg for kvarandre. Gjennom det daglege samspelet med barn og vaksne skal barn erfare, og lære korleis eins eigne handlingar påverkar andre. Ein omsorgsfull relasjon er prega av at ein er lydhøyr, at det er nærleik, innleving, evne og vilje til samspel. Omsorg er å vere der for kvarandre.

 

 Litt om Grøne tankar – glade barn i barnehagen

 Å møtte seg sjølv og andre med høflege og  positive forventningar, rausheit og respekt, fremjar trivsel, læring og god helse. I barnehagen brukar vi programmet «Grøne tankar – glade barn» for å hjelpe barna til å utvikle eit godt språk for kjensler, og for kommunikasjon også om sterke kjensler og vanskelege situasjonar. Materialet brukast i samlingsstunder, samtaler, lesestunder og i leik med barna, gruppevis og éin-til-éin. Barna lærer om kjensler og «raude og grøne tankar» og blir kjent med tenkebamsane Raud og Grøn. Barna øver på å gje seg sjølv og kvarandre støtte og trøyst når noko blir litt vanskeleg eller skummelt, og på kjenslehandtering.

Det er starta ei vidareutvikling av digitalisert materiale, med basis i «Grønne tanker – glade barn» på den digitale læringsportalen Salaby. Det fungerar på PC/Mac, og kan være fint som ein start for samtalar heima, sjå http://barnehage.salaby.no/rode-og-gronne