Dese 3 satsingsområda skal fylje oss gjennom heile barnehagekvardagen, saman med dei ulike tema vi skal jobbe med gjennom heile året
Sunn mat og god helse
Vi skal servere sunn, tradisjonsrik mat. Setje fokus på reine og ferske råvarer i maten. Barna skal få kjennskap til ulike råvarer gjennom aktiv deltaking i matlaginga. Vi skal lære at ulikskap har verdi, og at alle er gode nok slik som dei er.
Mål: Barna skal få kjennskap til sunne råvarer og vegen frå råvare til måltid Dei skal bli kjende med eigne behov, og glade i eigen kropp. Få kjennskap til menneskekroppen og utvikle gode vanar for hygiene, og eit variert kosthald.
Lesetunder, språkutvikling og den gode kommunikasjonen.
Barna skal få oppleve spenning og glede ved høgtlesing, forteljingar, song og samtalar. Saman skal vi skape eit positivt språkmiljø der vi bidreg til at barna leikar med språk, symbol og tekst. Vi skal eksperimenterar med rim, rytme, lydar, og ord. Og vi skal få oversikt på mengder, tal og mattematisk tenkning ggjennom leik og spel.
Mål: Barna skal få kjenne på gleda over å dele litterære opplevingar i tekst, tone og bilete, saman med andre, og å kunne gjenfortelje eigne opplevingar ved hjelp av ulike uttrykksmåtar.
Friluftsliv, leik og læring
Barnehagen skal leggje tilrette for at barna får positive friluftsopplevingar, barna skal kunne oppleve naturen som arena for leik og læring, vi skal kjenne på tilhøyre til naturen og utville respekt og gryande forståing for korleis vi kan ta vare på naturen rundt oss.
Mål: Barna skal bli kjendt med naturen rundt oss, og korleis vi kan oppleve og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege utfordringar .Saman skal vi ha gode friluftsopplevingar med allsidig leik året rundt, I alle typar vèr.