Om å danne eit godt barnehagetilbod for barn, føresette og tilsette
Eit godt barnehagetilbod avheng av personalet sin kompetanse, og genuine interesse for barnet og deira nære. Med dyktige og kompetente tilsette kan Vassenden Barnehage sikre at samfunnsmandatet blir oppfylt i tråd med gjeldande styringsdokument.
Formål og innhald i Vassenden Barnehage
«Innhaldet i barnehagen skal vere allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa. I barnehagen skal barna få leike og utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Ein skal sjå arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse og kommunikasjon og språk i samanheng og samla bidra til den allsidige utviklinga til barna. I samiske barnehagar skal dette arbeidet byggje på samisk språk, kultur og tradisjonskunnskap. (Rammeplan for barnehager 2017) Vidare i årsplanen skal vi sjå litt på kva vi barnehagen legg i dei ulike omgrepa i sirkelen og korleis vi jobber med desse områda.
”Omsorg, oppdragelse og læring skal fremme menneskelig likeverd, likestilling, åndsfrihet, toleranse, helse og forståelse for en bærekraftig utvikling”( Barnehageloven § 2 Barnehagens innhold)
Ei av hovudoppgåvene til personalet i barnehagen er å skape omsorg for barna. Ved å skape god og nær omsorg skapar vi også ein trygg barnehagekvardag for barna. Vårt personale har omsorg i fokus, dette er ikkje berre sjølvsagt men og ei yrkesetisk plikt. Barna skal føle seg trygge, dei skal verte sett, høyrt og rettleia. Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonar mellom dei vaksne, tilsette, foreldra og barna og om barnas omsorg for kvarandre. Gjennom det daglege samspelet med barn og vaksne skal barn erfare, og lære korleis eins eigne handlingar påverkar andre. Ein omsorgsfull relasjon er prega av at ein er lydhøyr, at det er nærleik, innleving, evne og vilje til samspel. Omsorg er å vere der for kvarandre.
Litt om Grøne tankar – glade barn i barnehagen
Å møtte seg sjølv og andre med høflege og positive forventningar, rausheit og respekt, fremjar trivsel, læring og god helse. I barnehagen brukar vi programmet «Grøne tankar – glade barn» for å hjelpe barna til å utvikle eit godt språk for kjensler, og for kommunikasjon også om sterke kjensler og vanskelege situasjonar. Materialet brukast i samlingsstunder, samtaler, lesestunder og i leik med barna, gruppevis og éin-til-éin. Barna lærer om kjensler og «raude og grøne tankar» og blir kjent med tenkebamsane Raud og Grøn. Barna øver på å gje seg sjølv og kvarandre støtte og trøyst når noko blir litt vanskeleg eller skummelt, og på kjenslehandtering.
Det er starta ei vidareutvikling av digitalisert materiale, med basis i «Grønne tanker – glade barn» på den digitale læringsportalen Salaby. Det fungerar på PC/Mac, og kan være fint som ein start for samtalar heima, sjå http://barnehage.salaby.no/rode-og-gronne
Å ta barns fysiske og psykiske helse på alvor
Barns psykiske helse
Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Barnas fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen. Barnehagen skal bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og mobbing. (Rammeplan, 2017)
Forsking syner til at barnehagar med god kvalitet er ei langtidsinvestering for å fremme barns psykiske helse (Pianta et al., 2009). Det er her ikkje på tale kva lokaler ein har, eller kva økonomiske ressursar barnehagen har, det essensielle er dei vaksne som arbeider i barnehagen, deira kunnskap, kompetanse og deira relasjonelle eigenskap som avgjer korleis barnehagen påverkar barns psykiske helse. I Prestebakken barnehage arbeidar vi mykje med barnas realsjons kompetanse, vi jobbar aktivt for at barnehagen skal være ein arena for læring, sosial utvikling og etablering av venskap. Å utvikle barnas relasjonskompetanse er sentralt i arbeide med å styrke barnas psykiske helse.
Barns fysiske helse
Vanar og handlingsmønster tek form alt frå tidleg alder av. Gode vanar som ein tileignar seg i barnehagealder, kan vare livet ut. Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse. (Rammeplan, 2017)
Fysisk aktivitet er ei kjelde til mestringsfølelse, glede og velvære. Barn i aktivitet syner ofte glede og begistring, aktivitet gjev mestringsfølelse og er nødvendig for utvikling av sunn fysisk helse. Barnas fysiske helse har også påverknad til barnas mentale helse, evene til samspel, konsentrasjon for å lære, trivsel og yting. I Prestebakken har vi personale som har mykje kunnskap om barns fysiske og psykiske helse og barns psykososiale utvikling. Personalet i Prestebakken skal være ein trygg base for barna, og på den måten skape eit godt utgangspunkt for utvikling av barns helse.
Søk råd
Det å være småbarnsforeldre er ei krevjande tid, kvar dag står ein i ulike situasjonar som kan være både utfordrande og vanskelege, ein opplever at ein ikkje når inn til barnet eller at barnet ikkje spelar på lag. Eller kanskje har de som foreldre utfordringar som gjer at kvardagen kan verte vanskeleg for både deg og barnet. SØK RÅD ! Det kan være fint å drøfte utfordringane i lag med ein fra personale, eller barnehagen kan hjelpe dykk med å søke råd vidare gjennom foreldrerettleiingsprogram som til dømes PMTO og TIBIR. Hugs at ingen utfordring er for liten til å ta opp, og vi som arbeider i barnehagen veit at de er krevjande å være mor og far, søster og bror.