SU - Samarbeidsutval

KVA ER SU - SAMARBEIDSUTVAL . Samarbeidsutvalet i barnehagen er eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. SU består av foreldre og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert.

Kva oppgåve har du som SU-forelder?

Du er vald som representant av dei andre foreldra i barnehagen. Oppgåva di er å la alle foreldre bli høyrde, og å kome med råd og innspel til sakene som blir tekne opp.

Barnehagestyraren skal sende ut innkalling i god tid før eit SU-møte, slik at du rekk å førebu deg. Hugs at også du kan ta initiativ og melde inn saker til styrar.

  • Engasjer deg i fellesskapet.
  • Ta vare på informasjon om aktivitetar og møte.
  • Inviter gjerne til eigne møte for foreldra.
  • Ha faste møte med barnehagestyraren.

Vanlege oppgåver i samarbeidsutvalet:

  • Kome med råd og innspel til kvardagen i barnehagen.
  • Arrangere dugnader eller temakveldar som skaper tettare band mellom barnehagen og heimen.
  • Bidra til å løyse konfliktar på ein god måte.
  • Diskutere det ideelle grunnlaget til barnehagen og korleis føremålet med barnehagen blir teke vare på.

Her er døme på temaer som kan drøftas:

  • Budsjett og rekneskap
  • Bemanning
  • Opningstider
  • Verdiar
  • Sikring
  • Psykososialt miljø
  • Vikarbruk