Høgtlesing og fantasi
Høgtlesing i barnehagen er ei glimrande metode for å styrkje språkforståing og kommunikasjon. Gjennom høgtlesing får borna høve til å utvikle språket sitt, samstundes som dei lærer å lytte, forstå og leve seg inn i forteljingar. Det stimulerer fantasien og opnar for nye tankar og idéar.
Språkstimulering
Lesestunder gir borna eksponering for nye ord og setningsstrukturar. Dette utvidar ordforrådet og styrkjer grunnlaget for vidare språkutvikling. Å bli kjend med nye omgrep og måtar å uttrykkje seg på er essensielt for å meistre språk.
Kommunikasjon
Gjennom dialog og samspel i og etter lesestunda får borna høve til å uttrykkje seg, stille spørsmål og dele tankar. Denne prosessen fremjar evna til å kommunisere tydeleg og til å undre seg saman med andre.
Sosial utvikling
Lesestunder styrkjer også barna sine sosiale ferdigheiter. Dei lærer å vente på tur, lytte til andre og respektere ulike meiningar. Det bidreg til å skape eit trygt og inkluderande fellesskap.
Kulturell forståing
Gjennom bøker kan borna bli kjent med ulike kulturar og perspektiv. Dette fremjar empati og forståing for andre sine levevis og veremåtar, noko som er viktig i eit mangfaldig samfunn.
Språkutvikling skjer i samspel
Språkutviklinga skjer i dialog og samhandling med andre menneske. Det er ikkje berre vaksne som bidreg til denne utviklinga – samspelet med jamaldrande er like viktig. Når vi snakkar, brukar vi også kroppsspråk for å understreke bodskapen vår. Gjennom leik og samhandling opplever borna uformelle, men svært verdifulle læringssituasjonar.
Barnehagen si rolle i språkutvikling
Barnehagen skal vere medviten om at kommunikasjon og språk påverkar alle sider av barnet si utvikling. Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, lytte, forstå og skape meining.
(Kjelde: Rammeplan for barnehagar, s. 23)