Årsplan

Årsplan skal fortelje om kva vi arbeider med i barnehagen. Synleggjere barnehagens innhald.

I fylje lov om barnehagar, skal alle barnehagar utarbeide ein årsplan. Planlegginga av barnehagens fysiske utforming, organisering og prosessar må gjerast med utgangspunkt i barnehagens overordna mål, som er gjeven i barnehagelova og utdjupa i rammeplanen for barnehagar.

Årsplanen byggjer på rammeplanen for barnehagar, og har fleire funksjonar:

• Årsplanen skal innehalde informasjon om korleis barnehagen vil arbeide med omsorg, oppdraging, leik og læring. Dette for å sikre borna gode mogelegheiter for utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeide med bornas heim

• Planen skal synleggjere både gjennomgåande og periodisk innhald, og er ein arbeidsreiskap for personalet som skal sikre at det er progresjon i det barnehagen utfører.

• Årsplanen skal vere eit grunnlagsdokument for alle involverte i barnehagen, det vere seg eigarar/ føresette, tilsette og tilsynsmyndet. Årsplanen skal fungere som eit arbeidsdokument for personalet. Vi har då lagt grovplanar for heile året, som då ligg til grunn for periodeplanane som vert laga og utdelte undervegs, i løpet av barnehageåret. Likevel vil vi presisere at det alltid vil vere fokus på å ivareta ”her og no” situasjonane. Å kunne vere tilstades i dei ”små sekund”, ser vi som viktig dersom vi vaksne skal kunne få ei betre forståing av bornas kvardag. Dersom det skulle verte større endringar i høve til årsplanen, vil det som oftast vere på grunnlag av at det har kome inn moment som gjer at vi ser det som viktig/ rett å gå vekk frå den tidlegare plan. De vil då bli underretta om dette. Vi håpar denne planen vil verke opplysande i høve til vårt fokus i det dagelege virket, og om ulike praktiske ting…. Godt å vite.

 

  

Klikk her for å laste ned årskalenderårskalendar 2022 2023