Barnehagen vår 💕 Beste stad å være, leike og lære

Om oss Vassenden Barnehage SA ligg midt i Hjellbrekkefeltet, Vassenden, og har i over 30 år vore ein god og trygg barnehage for born i alderen 0-5 år. Vi er ein privat, foreldreeigd treavdelings barnehage som set natur, leik, gode relasjonar og god helse i sentrum. Vårt mål er at alle barn trivst, utviklar seg og føler seg verdifulle slik dei er. ✨Vårt mål: GLADE OG TRYGGE SAMAN I LEIK OG LÆRING Barnehagen ligg midt i Hjellbrekkefeltet. 💖 VELKOMMNE TIL OSS

 

Vår barnehage, våre mål og vår visjon

Barnehagen vår skal vere ein stad der det er spesielt godt for barn å være, og for vaksne å arbeide.

 

Om oss
Vassenden Barnehage er ein trygg og hjartevarm barnehage midt i Hjellbrekkefeltet. Her får barna vekse opp i eit miljø der dei er sett, høyrde og verdifulle akkurat slik dei er. Vi har tre avdelingar, inkludert eiga småbarnsavdeling, som gjev dei minste ein god start på barnehagelivet.

Vi legg vekt på leik, vennskap og glede – og på å gje barna opplevingar i naturen rundt oss gjennom heile året. Med heimelaga, sunn mat på menyen og omsorgsfulle vaksne i kvardagen, ønskjer vi å skape ein barnehage der barna kjenner seg trygge og glade.

Hos oss møter du stabile og kompetente tilsette,pedagogar med vidareutdanning utover barnehagelærarutdanninga. Vi arbeider saman med foreldra for å gje barna den beste starten på livet – med omsorg, tryggleik og rom for både fantasi og utfalding.

Kven er vi

  • Vi har 13 tilsette som jobbar saman for å sikre god kvalitet i kvardagen. Personalet har brei fagleg bakgrunn og kompetanse, og vi har pedagogar og pedagogiske leiarar som sikrar at barnehagen fyller krav til faglege standardar. 

  • Hos oss er det viktig med stabilitet i personalet – born skal møte vaksne dei lærer å kjenne, som er trygge og omsorgsfulle.

  • Vi har ei eigen småbarnsavdeling. Det gir die aller minste ein meir trygg og oversiktleg kvardag, med tilpassa omsorg og utan altfor stor gruppestørrelse i starten.

Kva vi tilbyr

  • Stor uteplass og natur nær oss: vi legg til rette for friluftsliv, naturopplevingar gjennom heile året, både for leik og læringsaktivitetar.

  • Sunn kosthald: vi serverer heimelaga mat, forsøker så langt det let seg gjere å unngå e-stoffer, og legg vekt på at mat skal vere både næringsrik og god. 

  • Språk og kommunikasjon: språkleg utvikling er eitt av våre satsingsområde, og vi jobbar med både samlingsstunder, samtaler, lesetid, og tett oppfølging av dei minoritetsspråklege barna. 

  • Medverknad frå barna: vi meiner barna skal kjenne seg sette, høyrde og forstått – både i leik og kvardag. Dei får påverke eigen kvardag gjennom val, innspel til aktivitetar og samtalar med vaksne.

Våre verdiar & visjon

  • Alle skal møte omsorg, tryggleik og samhald

  • Gleden ved å vere barn, vennskap og kreativ utfalding skal vere viktige delar av kvardagen

  • Barnas beste – alltid: Vi bygger på Barnekonvensjonen artikkel 3 som eit overordna prinsipp i alt vi gjer.

  • Inkludering og respekt for mangfald: kvar familie, kultur og bakgrunn er verdi, og vi ønskjer at alle kjenner tilhørsel uansett bakgrunn.

Kvalitet og tryggleik

  • Vi tilfredsstiller pedagog- og bemanningsnormen fullt ut, og strevar etter høg kvalitet i samspelet mellom barn og vaksne. 

  • Lokalane og uteområdet er gode, og arealet per barn ligg over gjennomsnittet for kommunen. 

 

Målsetjingar:

  • Vi skal møte individet`s behov for omsorg, tryggleik, og samhold
  • Vi skal leggje særleg vekt på glede,vennskap og kreativ utfalding. 
  • Vi skal tilby sunn, heimelaga mat, mest mogeleg fri for e-stoff.
  • Vi skal skape eit miljø for barn og vaksne prega av ei omgangsform som gjev borna ei positiv sjølvkjensle, og eit godt sjølvbilete.
  • I nært samarbeid med føresatte  skal vi ta del i ansvaret for å gje barna ein best mogeleg start på barndommen ved å vere autoritative omsorgsgjevande, trygge vaksne. Vi skal gje barna gode opplevingar i eit aktivt og kreativt miljø
  • Vi skal vektleggje kulturformiddling slik at borna ukan utvikle eigen kulturell identitet uansett bakgrunn
  • Borna skal vere med å påverke eigen kvardag. dei skal kjenne på å bli sett, høyrt og forstått.

 

 

 

ALT VÅRT ARBIDE OG SAMARBEIDE ER ALLTID ETTER VURDERING AV:

Artikkel 3 i barnekonvensjonen - Barnets beste

Vaksne skal gjere det som er best for barn.

Alle handlingar og avgjersler som berøerer barnet, skal ha barnets beste som grunnleggjande omsyn. Dettte er overordna prinsipp som gjeld for all barnehageverksemd.

💖

 

 

 

 

 

Vassenden Barnehage er ein 3 avdelings barnehage med fokus på naturliv, god helse og sunt kosthald. Eigen småbarnsavdeling , sikrar dei små ein trygg kvardag med omsorgsfulle vaksne.