Våre samarbeidspartar

DET VIKTIGE SAMARBEIDET - TIL BARNET BESTE . For at vi skal kunne ta i vare, og gje kvart enkelt barn det beste utgangspunkt for læring og utvikling vil vi i enkelte høve ha behov for samarbeid med andre instansar som er knytt til barnehagens hjelpeapparat. Ingen barn vert drøfta med desse instansane utan at de foreldre har samtykka i det. Foreldre kan også komme til oss for å be om henvisning til hjelpeapparat. Barnehagen er underlagt taushetsplikt og opplysningsplikt i henhold til lov om barnehagar § 21 – §23.

Samarbeid med hjelpetenester og overgang til skule

Skulane i Sunnfjord kommune – frå barnehage til skule

Sunnfjord kommune har ein felles, overordna plan for overgangen mellom barnehage og skule. Denne planen avklarar ansvaret til dei ulike partane.

I Vassenden Barnehage samarbeider vi tett med rektor og lærar ved den aktuelle skulen. Barna får besøke skulen på våren og delta i ein vanleg skuledag. Dette gir dei tryggleik og kjennskap til den nye kvardagen.

Ved overgang til skule overfører barnehagen utviklingsdokumentasjon, som TRAS og ALLE MED, samt eventuelle andre relevante opplysningar, etter samtykke frå føresette.

Frode Laks – eit overgangsobjekt mellom barnehage og skule

Frode laks er den raude tråden frå barnehage til skule, ein glad Laks som barna i barnehagen skal bli godt kjende med, ein laks som og møter dei når dei begynner på skulen.

Frode laks har ein eigen tekst om korleis han vart til, denne kan du lese meir om på nettsida til Sunnfjord kommune: https://sunnfjord.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-friluftsliv/kulturskulen/kulturskule-for-alle/frode-laks/frode-laks/

I prosjektet Frode Laks i barnehagen vert barna introdusert for dei same bøkene, songane, spela og leikane som dei møter i første klasse på skulen. Det skal være noko barna kjenner att, noko trygt, noko forutsigbart, ja rett og slett Frode Laks.

Det er ei morosam historie, og jammen er det maks flaks at vi har Frode Laks. 😊

 

Samarbeid med andre barnehagr. - Førskuletreff 

Vi er 3 barnehagar som soknar til Vassenden skule. Kvar haust ved oppstarten på eit nytt barnehageår, møtast vi for å planlegge førskuletreff. Vi møtast omtrentleg ein gong i månaden gjennom heile barnehageåret. Vi vekslar på kvar vi møtast. Dette er ein viktig arena for førskulebarna slik at dei kn bli kjende med dei andre borna som dei skal gå på skulen med. 

Kvifor er dette samarbeidet så viktig?

  • Fordi samarbeid om overgangen frå barnehage til skule er forankra i lovverka, Rammeplan for barnehagen og kunnskapsløftet.
  • Fordi det einskilde barnet sin kompetanse frå heim og barnehage må vidareførast i skulen for å sikre positiv utvikling hos barnet.
  • Fordi foreldre skal være trygge på at barnet vert ivareteke ved overgang barnehage skule.
  • Fordi det ved overgangen barnehage-skule er behov for å ivareta og styrke barna sin sosiale sjølvoppfatning og tryggleik som grunnlag for motivasjon og læring.
  • Å legge til rette for livslang læring har som føresetnad at barnehagen og skule kjenner kvarandre sine kulturar.

 


 

    Sunnfjord kompetanseteam

Barnehagen har eit godt og nært samarbeid med Sunnfjord kompetanseteam, som er tilknytt PPT-kontoret.

Dei er ein viktig støttespelar når vi treng råd i møte med utfordringar i barnegruppa. Kompetanseteamet rettleier personalet og kan òg tilby foreldrerettleiing, til dømes gjennom program som

PMTO (Parent Management Training – Oregon) og TIBIR (Tidleg Innsats for Barn i Risiko).

Før vi drøftar enkeltbarn med kompetanseteamet, innhentar vi alltid samtykke frå føresette.

 

PPT  - Pedagogisk Psykolokiak teneste

Ved behov for meir kartlegging utover kompetanseteam brukar vi PPT som er forkorting for pedagogisk psykologisk tenestekontor. PPT sitt ansvarsområde er heimla i opplæringslova § 5–6 og retten til hjelp i § 5-7 i same lov. PPT er fagleg instans som kan gje sakkunnig vurdering og tilråding om eit barn treng ekstra hjelp og støtte etter opplæringslova. PPT gjev også hjelp og råd til barnehagen og foreldre. Foreldre må samtykke i tilmelding av barn til PPT.

 

 

Barnevernstenesta

Barnevernstenesta tilbyr hjelp og støtte til familiar som står i ein krevjande livssituasjon. Dei kan bidra med:

  • hjelp til å få barnehageplass

  • støtte til kvardagslogistikk og foreldrerolla

  • avlasting og tilrettelegging

Barnevernet har òg ansvar for å gripe inn dersom barn lever under forhold som kan skade helsa eller utviklinga deira

Alle tilsette i barnehagen har etter barnehagelova § 22 opplysningsplikt til barnevernet, sjølv om det inneber brot på teieplikta. Dette gjeld dersom ein har grunn til å tru at eit barn vert utsett for vald, omsorgssvikt eller mishandling.


Helsestasjonen

Helsestasjonen har ei viktig rolle i det førebyggjande og helsefremjande arbeidet for barn i kommunen. Dei kan:

  • foreslå barnehageplass for barn med særskilde behov

  • bidra i prioritering ved opptak

  • samarbeide med barnehagen i tilrettelegging for barn med spesielle behov

  • gi råd om medisinhandtering og smittevern

  • vere med på kartlegging av språk og utvikling hos barn


 

Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)

BUP er forkorting for barne og ungdomspsykiatriske poliklinikk og er eit tilbod i spesialhelsetenesta for barn og ungdom i Norge. BUPs hovudoppgåve er å hjelpe barn frå 0 til 17 år og deira familiar i form av utredning, behandling, rådgjeving og tilrettelegging knytt til psykiske vanskar, åtferdsvanskar og lærevanskar

BUP tilbyr spesialisert hjelp innan psykisk helse for barn og unge

frå 0–17 år. Dei gir:

  • utgreiing og behandling

  • rådgjeving og tilrettelegging i samarbeid med familiar og fagpersonar

Barnehagen kan ikkje vise til BUP direkte. Tilvising skjer via lege eller helsestasjon. Vi samarbeider med BUP ved behov rundt enkeltbarn.

 

 


 

Barnets beste – vår rettesnor

Alt vårt arbeid og samarbeid med eksterne instansar er forankra i barnekonvensjonen artikkel 3:

"Vaksne skal gjere det som er best for barnet."

Barnets beste skal alltid vere eit grunnleggjande omsyn i alle avgjerder og handlingar som rører barnet. Dette er eit overordna prinsipp i barnehageverksemda vår.