Grøne tankar - Glade barn

Grøne tankar - Glade barn er eit psykopedagogisk materiell retta mot å stimulere barns tanke- og kjenslebevisstheit. Vi brukar det her i barnehagen som ein metode for å hjelpe borna til å utvikle gode haldningar til seg sjølv og andre.

 

 

Salaby - Grønne/ Raude tankar

Kva er "grøne tankar- Glade barn"

Borna tek stadig små og store avgjersler: Skal eg gå rett inn i dag? Korleis skal eg helse? Skal eg møte blikket? Skal eg tore å prøve ein gong til? Kan eg gå bort no?

Valg som blir tatt, blir tekne på bagrunn av kjensler, intuisjon, instinkt, automatikk eller gamle vanar.

Dei fleste kvardagsval er ofte snarvegar. Ein sparar tid og krefter, og kvardagane blir overkomelege. Med hjelp av dette materialet skal vi hjelpe borna til å bli meir bevisst korleis , og kva ein tenkjer. På denne måten kan ein påverke eige humørog forhåpentlegvis ta bedre val.

 

Salaby -Raude og grønne tankar  Her er lenke til Salaby.no Raude og grøne tankar . Anbefalar ALLE å gå inn og kikke litt.