Uteplassar som Barnehagen brukar fast er:
Grillhytta på eige uteområde
Her kan alle avdelingane, aktivt og spontant lage ha ein utedag under tak:-) Ein kan lage mat på bålpanna, ete lunsj som vi tar ut innanfrå, eller ha ein uteaktivitet med hytta som base. Og det er så koseleg med eit bål som knitrar og brenn.
Naturleikeplassen vår på storetre
"Storetre" er ein gard i bakken over barnehagen. Her kjem vi tett på naturen, og kan boltre oss i fri utfalding. Her har vi ein fin og ny gapahuk som vi brukar som "base". Her ser vi dyrespor, hestar og sauer på beite, og hjorten som beitar i grensa mot granfeltet. herifrå er det fint å ta ein tur på flugestøylen, og elles i skogen rundt oss.
Eventyrskogen
Litt lenger opp vegen til hjelbrekka har vi eit fint lite skogsholt, og her møter vi mange rare skikkelsar:-) i eventyret kan ALT skje.
Trollskogen
Ut mot dalavatnet ligg der ein mørk skog med HØØGE graner og annan skog. Her likar vi å kose oss i mose lyng, og å tulle og tøyse med skogskjegg og anna som vi finn. Og kanskje burd det nokre snille troll her? Ein finfin plass å ete nista vår på når vi er på tur.
Fiskarlaget sine fiskehytter rundt flugelona.
Desse hyttene ligg fint plassert rundt lona ved golfbana. Når vi er på tur her kan det vere fint å søke ly dersom det regnar. Då er hyttene perfekte til å ta ein pust i bakken. Rundt lona er det mykje som lever, spirar og gror,eit fantastisk område til utforsking for store og små. Alltid noko spennande å finne på i dette vare området.
«Ekte natur gjer noko med born og menneske som er vanskeleg å måle, men som ein likevel kan sjå, observere og sanse.»
– Loftsnes
Å få oppleve noko konkret gjennom leik, utforsking og fri utfalding er ei av dei finaste formene for læring. Det skaper glede, meistring og fridom – og gir borna høve til å vere aktive deltakarar i sine eigne opplevingar.
Naturen er så mykje meir enn blomar, tre og dyr. Han er stor og full av løyndomar – djup, spennande og underfundig. Her kan borna bruke heile kroppen og alle sansane. Dei kan undre seg, utforske, vere kreative, samarbeide og lære gjennom eigne erfaringar.
Forsking viser positive samanhengar mellom naturbasert barnehagepedagogikk og fysisk aktivitet, motorisk utvikling, sjølvregulering, sosiale ferdigheiter og leik. Naturen gir også gode vilkår for fellesskap, kreativitet og ei gryande forståing for korleis vi kan ta vare på naturen og miljøet rundt oss.
Vi vil halde fram med eit aktivt friluftsliv gjennom heile året. Naturen skal vere ein viktig del av barnehagekvardagen vår – som leikeplass, læringsarena og kjelde til glede, undring, meistring og gode fellesskap.
AKTUELLE NETTADDRESSER:
Naturbarnehagar, bra for kropp og sjel.
Det deltakande barnet,- naturbarnehagen som stad for danning
Barn i naturbarnehagar får betre motorikk
