Er det mobbing i barnehagen?
Det kan vere vanskeleg å definere åtferd blant barnehagebarn som mobbing, men vi veit at det førekjem, og vi veit at det ofte startar i barnehagen. Vi veit at ikkje alle barn har det like godt i barnehage-kvardagen. At barn blir plaga i barnehagen, er dokumentert gjennom fleire undersøkingar og forskingsresultat, mellom anna i rapportane
”Barnehagen som læringsmiljø og danningsarena” (Oppdragsrapport nr. 9/2012, Høgskolen i Hedmark) og ”Barns medvirkning og trivsel i barnehagen” (Samfunnsforskning 2012, DMM/NTNU).
Når eit barn blir plaga dagleg eller fleire gonger i veka, er det negativt og alvorleg. Barnehagen trenge engasjerte, kompetente og omsorgsfulle vaksne for å skape 0-toleranse mot mobbing i barnehagen.
Barnehagen skal aktivt arbeide for å forebygge mobbing. Kvar går grensene, og når vert eit barn mobba eller krenka er sentrale områder som vert drøfta. Dei vaksne sin tilstadeværelse i barnas liv for å rettleie, korrigere og hjelpe dei i situasjonar som er vanskelege er sentralt for å førebygge mobbing.
Eit barn som vert plaga av andre barn eller av lite omtenksame vaksne, får redusert livskvalitet og kan utvikle negative mønster for samspel.
Tove Flack, frå læringsmiljøsenteret sin forsking om mobbing er eit svært aktuelt område for oss å jobbe med i barnehage. Flack har og arbeidd med verkty for avdekking av mobbing, både skjult og openlys mobbing. Alle barnehagane og skulane i storkommunen Sunnfjord har fått deltatt på forelseing om mobbing og krenkingar og kva ringverknader dette får for barnet/mennesket. Satsingsområde inkluderande barnehage og skulemiljø.
Barnehagen jobbar førebyggande;
- Ansvarleggjering av dei vaksne si rolle, aktive og tydelege vaksne.
- Personalet arbeider målbevisst med relasjonskompetanse, sjølvhevding, empati, rolletaking, prososial atferd, sjølvkontroll, leik, glede, humor etc.
- Vi er vaksne som brukar anerkjennande kommuniksjon.
- Vi er vaksne som tar ansvar for å skape eit godt foreldresamarbeid, vi er lydhøyr for foreldras oppleving av barnets kvardag.
- Vi observerar samspel mellom barn og vaksne, og barnas relasjon/samspel til kvarandre, griper inn og hjelper dei i situasjonar som krev det.
- Vi samtalar med barna i små grupper om korleis dei har det i barnehagen.
- Vi er vaksne som tør å sette ord på at mobbing, krenking og diskriminering føregår i barnehagen, og vi er vaksne som gjer noko med det.