Språkforståing – frå ord til handling
Kva:
Vi skal styrkje barna si språkforståing gjennom leik, lesestunder og daglege aktivitetar. Språk handlar ikkje berre om ord, men om å bruke ord til å skape meining og handling. Vi skal leggje til rette for at barna får lytte, forstå og handle ut frå beskjedar og reglar, og at dei opplever at ord kan hjelpe dei å samarbeide, løyse oppgåver og skape gode relasjonar.
Kvifor:
Språk er nøkkelen til leik, læring og fellesskap. Når barn forstår og kan bruke språk aktivt, får dei betre moglegheit til å delta i leik, uttrykke eigne tankar og behov, og utvikle sjølvstende. Å knyte ord til handling gjer at barna forstår at språket har ein funksjon i kvardagen – det er ein reiskap for å handle, påverke og vere saman med andre.
Prosessen – frå ord til handling:
For at eit ord skal bli til ei handling, må barnet gjennom fleire steg:
-
Høyre – barnet lyttar til ordet, gjerne i ein situasjon der det er knytt til noko konkret.
-
Forstå – ordet blir kopla til noko kjent eller nytt, og barnet byrjar å tolke kva det kan bety.
-
Gi meining – gjennom erfaringar, imitasjon og støtte frå vaksne får ordet djupare innhald. Barnet merkar at «gå og hente ballen» handlar om både bevegelse, gjenstanden og samspel med andre.
-
Prøve ut – barnet testar ordet i praksis, først med støtte, seinare meir sjølvstendig.
-
Handling – barnet klarer å bruke ordet som utgangspunkt for eigen handling og kan omsetje språk til aktivitet, leik og samarbeid.
Denne prosessen skjer heile tida i barnehagekvardagen, i små og store situasjonar. Når vaksne set ord på handlingar, når barna får prøve ut beskjedar, og når vi gir rom for å feile og prøve på nytt, byggjer dei gradvis bru frå ord til handling.
Korleis:
-
Leik: Regelleikar og rolleleik som krev at barna lytter og følgjer instruksjonar, gjer at språk blir levande og meiningsfullt.
-
Lesestund: Bøker gir tilgang til nye ord og bilete. Ved å stoppe opp, stille spørsmål og knyte teksten til erfaringar, får barna høve til å gjere ord til handling i eigne forteljingar og leik.
-
Kvardspråk: I rutinar og aktivitetar set vi ord på det vi gjer, og støttar barna til å bruke språket sjølve: «No hentar eg tallerkenane. Kan du hente skjeene?»
-
Samtale og refleksjon: Vi legg vekt på gode samtalar med barna der dei får bruke språket aktivt til å forklare, stille spørsmål, forhandle og løyse konfliktar.
-
Utforsking av språk: Vi leikar med rim, regler, antonym, synonym og tullespråk for å vise kor variert og leikande språket kan vere
-
Grip omgrepa: Vi vel fokusord for kvar periode, som blir brukt på tvers av aktivitetar. Barnet møter orda både i leik, i bøker, i samlingsstund og i kvardagen. Ordet får fleire lag av meining og blir lettare å omsetje til handling.
Metode – Grip omgrepa
Gjennom Grip omgrepa får barna eit «språkleg anker» for perioden. Når vi tek i bruk same ord på tvers av situasjonar, får barna repetisjon, gjenkjenning og djupare forståing. Til dømes kan ordet «høg» utforskast i bøker, i måling av tre, i songar og i konstruksjonsleik. Barnet høyrer, forstår, testar og til slutt brukar ordet sjølv.
«Barnehagen skal støtte barna i å bruke språket til å uttrykke kjensler, ønskjer og erfaringar, til å løyse konfliktar og til å skape positive relasjonar i leik og samspel.»
(Rammeplan for barnehagen, 2017, s. 23)
Mål:
Barna skal utvikle forståing for at ord har meining og kan førast vidare til handling, til dømes gjennom instruksjonar, reglar i leik og oppgåver i kvardagen.