Vaksenrolla i leiken
I Vassenden Barnehage er leiken hjartet i kvardagen. Leiken er ein rett for barna – og eit ansvar for oss vaksne. Når vaksne deltek aktivt i leik, skaper vi eit trygt, utviklande og inkluderande miljø der barn får vere seg sjølve, vekse, lære og oppleve glede saman med andre.
«Personalet skal støtte, inspirere og delta i barnas leik. Leiken skal ha ein framtredande plass i barnehagen.»
(Rammeplan for barnehagen, 2017, s. 20)
Vi skal ha kunnskap om barnas leik og deira læringsprosessar.
Vi skal vere støttande vaksne i barna sin leik, gje barnas leik næring og utvikling.
Vi skal vere vaksne som organiserer og legg til rette for utviklande og stimulerande miljø som gjev allsidige og varierte opplevingar barna kan byggje vidare på, gje barna erfaringar og kunnskap.
Vi undrar oss saman med barna, gjev dei rom for refleksjonar og støttar dei på leit etter forklaringar og resonnement. Vi oppfordrar barna til samleik, og hjelper dei til å løyse konflikter som oppstår. Vi går inn og “styrer” leiken dersom ein vurderer det som nødvendig i forhold til negativ utvikling for enkeltbarn eller gruppa. Vi vil være reflekterte og bevisste på korleis eigne handlingar og væremåte verkar inn på barna.
Vi er vaksne som fremjar eit inkluderande miljø der alle barn kan delta i leik og erfare glede i leik, vi vaksne skal bidra aktivt til at alle kjem inn i leiken.
Vi observerar, analysyserar, støttar, deltar og bidrar til å gjere leiken meir verdifull på barna sine premissar, samstundes som vi vurderer eiga rolle og deltaking i leiken.
Vi rettleiar barna dersom leiken medfører uheldige samspelsmønster.
Kvifor er vaksenrolla så viktig?
Leik er ikkje berre noko barna gjer på eiga hand – det er ei sosial og lærande aktivitet som krev vaksne som er til stades, interesserte og engasjerte. Vi skal vere medspelarar, rollemodellar og trygge vaksne som støttar barna i å utvikle seg gjennom leik.
”Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.” (Rammeplan for barnehager 2017)
Vassenden barnehage skal være ein plattform for danning til humanitet og demokrati. Vi skal være vaksne som oppmuntrar barna til å vere prøvande og nysgjerrige på omverda, og vi vil bidra til å legge grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Ved at barnehagen er med og fremmar positive samhandlingar og solidaritet vil ein kunne redusere avvising, mobbing og vald. Barna lærer gjennom opplevingar og erfaringar med kvarandre og med oss vaksne i barnehagen. For å danne eit godt ”danningsmiljø” i barnehagen er det viktig at kulturen i barnehagen er prega av felles verdiar og normer, eit trygt og godt fellesskap, demokrati, omsorg og medansvar.
Vi vaksne i Vassenden barnehage;
- Personalet drøftar jamleg si rolle som rollemodellar, tilretteleggarar og samspelspartar, korleis kan vi være den beste rollemodell.
- Barnehagen vår skal være ein arena for sosial utvikling, læring og ein god arena for utvikling og etablering av gode venskap.
- Vi observerar og kartlegg barnas trivsel og barnas samværsmønstre i barnegruppa, støttar gode samhandlingar og hjelper dei i konfliktsituasjonar.
- Barna skal oppleve ein oppvekstarena i barnehagen der vi alle bryr oss om kvarandre, vi tar omsyn til kvarandre og vi tar vare på kvarandre.
- Vi er vaksne som hjelper barna på ein god måte med problemløysning i konflikter, vi opptrer som trygge og tydeleg vaksne, der barnas oppleving vert teke på alvor.
- I barnehagen legg vi til rette for refleksjon og undring i lag med barna, vi vel aktivitetar og situasjonar som gjev barna valfriheit og oppleving av tilhøyrigheit.
- Vi vaksne i Vassenden barnehage er rollemodellar og støttespelarar for gode verdiar og haldningar. Vi ser kvart enkelt barn, vi er engasjert vaksne.
- Vi skapar eit trygt miljø der det byggast gode relasjonar, der barnas kjennsler vert anerkjent.
Vaksne i leiken – kva betyr det?
I barnehagen vår arbeider vi for å vere:
Tilretteleggjarar – vi skapar rom og miljø for kreativ og trygg leik.
Inspiratorar – vi bidreg med impulsar, idéar og materiale som gjev leiken ny retning.
Deltakarar – vi er med i leiken, på barnas premissar.
Trygge vaksne – vi er til stades, ser barna og støttar dei – også når noko er vanskeleg.
Leik skjer heile dagen
Leiken skjer ikkje berre når det står «frileik» på dagsplanen. Vi skal vere leikande vaksne gjennom heile dagen – både ute og inne, i overgangssituasjonar, i samlingsstunder og i måltid. Leik og læring går hand i hand i barnehagen vår.
”Barnehagen skal gi barn grunnleggende kunnskap på sentrale og aktuelle områder. Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskaper og ferdigheter” (Barnehageloven § 2 Barnehagens innhold)
Vi i Vassenden barnehage ynskjer å skape eit stimulerande læringsmiljø der barna kan utforske verden gjennom leik og samspel med barn og vaksne. Personale skal legge til rette for at miljøet i barnehagen skal støtte opp om barnas lyst til å utforske, leike, lære og meistre, dette ved å introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materialer osv. Barnas nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær skal anerkjennast, stimulerast og leggast til grunn for deira læringsprosessar. Barna skal få undersøke, oppdage og forstå sammenhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt.
Vi vaksne i Vassenden barnehage;
- Vi legg til rette for at barna vert inkludert i eit miljø der barna bidrar til eigen læring og andres læring i fellesskap.
- Vi legg til rette for heilskaplege prosessar som fremmar barnas trivsel og allsidig utvikling i alle situasjonar og aktivitetar.
- Vi er vaksne som tek utgangspunkt i barnas interesser, utvidar barnas erfaringar og syte for progresjon og utvikling av barnehagens innhald, vi skapar undring, nysgjerrigheit, kreativitet og gjev barna tiltru til eigne evner.
- Vi er vaksne som hjelpe barna med å skape forståing og refleksjon rundt ulike situasjonar, tema og fenomen.
- Vi er vaksne som sørge for at alle barn får varierte ulike oppplevingar og erfaringar, der dei kan bygge vidare på samanhengar, læring, utfordring og meistringsoppleving.
Vaksne i uteleiken
Uteleiken gir store moglegheiter for bevegelse, fantasi og utforsking. Her er vi vaksne medutforskarar som spring, bygg, rullar og leikar saman med barna. Vi skapar leik, vi følgjer barna inn i deira idear, og vi opnar for meistring og mot. Vi skal vere til stades – ikkje berre som vakt, men som ein aktiv del av leiken.
”Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering” (Barnehageloven § 1 Formål)
😄 Glede, humor og tull & tøys – ein viktig del av vaksenrolla
I barnehagen skal det vere rom for glede og galskap – for tull og tøys, latter og leik. Når vaksne tør å vere leikne, bruke humor og møte barna med eit smil, skaper vi eit trygt og livskraftig miljø.
Gode relasjonar blir styrkte gjennom:
- eit smil som seier «eg ser deg»
- ein latter som blir delt i fellesskap
- ein liten tullesamtale som skaper nærleik
- eit glimt i auga som gjer dagen lysare
Humor og leik mellom barn og vaksne er ikkje «ekstra» – det er ein viktig del av det pedagogiske arbeidet. Når vi vaksne viser glede og engasjement, så smit det. Vi viser barna at det er trygt å vere seg sjølv – med alt det rare, morosame og sprø.
Det er i desse små øyeblikka – ein leikete kommentar, ein tøysete påkledning, ein latter som brusar – at sterke relasjonar vert bygde, og læring skjer utan at vi merkar det.
Når barn utfordrar oss – vår rolle
Nokre barn uttrykkjer seg gjennom åtferd som kan vere krevjande. Då er det ekstra viktig at vi møter barna med ro, tryggleik og respekt. Vi må byggje relasjonar, setje grenser med varme og prøve å forstå kva barnet egentleg prøver å fortelje.
Vi står saman som personalgruppe – og støttar kvarandre i krevjande situasjonar. Barn som utfordrar, treng vaksne som står i det – ikkje trekker seg unna.
Å vere ein autoritativ vaksen
Ein autoritativ vaksen er tydeleg, varm og trygg. Vi set grenser med respekt og omtanke, og leier barna med fastheit utan å vere harde. Dette gir barna tryggleik og stabilitet, og lærer dei å regulere eigne kjensler og handlingar.
Vi tek leiarskap i relasjonen – ikkje for å kontrollere, men for å hjelpe barna å finne sin plass i fellesskapet. Det er ein styrke for både barn og vaksne – og ein føresetnad for gode relasjonar og god utvikling.
- Vi er vaksne som støttar og legg til rette for barnas initiativ slik at vennskap kan etablerast og oppretthaldast, vi hjelper barna med å ta vare på vennskap.
- Vi lagar gode reglar i lag med barna for korleis vi er med kvarandre.
- Vi støttar barna i ta andres perspektiv, sjå ei sak fra fleire sider der barna reflekterer over eigne og andres kjensler, opplevingar og meiningar.
- Vi lærer og støttar barna i å sette eigne grenser, respektere at andre har sine grenser og hjelper barna i ulike konfliktsituasjonar.
Til slutt
«Leik er ein rett for barna – og eit ansvar for oss vaksne.»
I Vassenden Barnehage skal barna oppleve at leiken deira blir tatt på alvor. Gjennom tilstadeverande og engasjerte vaksne får barna gode rammer for leik, utvikling, glede og fellesskap – kvar einaste dag.
"Relasjonskompetanse er kanskje noe av det viktigste vi utvikler i livene våre. Kunsten å omgås andre, skaffe oss venner, etablere nettverk, samarbeide og danne effektive grupper har sitt utgangspunkt i vår medfødte eller utviklede relasjonskompetanse. Hele spekteret av denne kompetansen kan læres og trenes” Jan Spurkeland (2015)
Vassenden barnehage skal være ein barnehage som er prega av tillit, tryggleik og trivsel i alle ledd.
- Alle skal ha det bra hos oss, både tilsette, barn og foreldre.
I lag med dykk foreldre skal vi jobbe for at barnet dykkar får dei det beste utgangspunkt for å utvikle sin relasjonskompetanse. vi skal i fellesskap arbeide for å få fram det beste i kvarandre. Lukkast vi med dette, vil dette være den beste ballast og kapital vi lag kan gje barna. For å lukkast i dette arbeidet føreset det at vi vaksne er autentiske i møte med kvarandre, i møte med barna og dykk foreldre. Forsking (Juul, Jensen 2002) syner til at for å lukkast må vi vaksne ta på oss heile og det fulle ansvaret for kvaliteten på relasjonen. For å lukkast føreset det at kulturen i barnehagen er ærleg, vennleg, allsidig, forutsigbar, likeverdig, støttande og perga av god dialog.
Vi må være autentisk, varme vaksne


